torsdag 29. oktober 2015

Klassemiljø


Det er viktig med eit godt miljø i den klasse du går i. At du lærer godt, og føler deg trygg i klassen er avhengigt av korleis klassemiljøet er. Viss du føler deg trygg i klasserommet, kan det bidra til at du tårer å rette opp handa viss du lurer på noko, og ha framføringar utan å vere redd.


Alle elvar ynskjer eit godt klassemiljø. Eg syntes at det er viktig at vi har respekt for dei som har framføring. At ingen lær imens framføringa føregår. Grunnen for det er at viss nokon lær, blir den personen som har framføring usikker på seg sjølv, og det kan ende opp med at den ikkje tårer å ha framføring meir. Eg syntes også at det er viktig med arbeidsro. Slik at vi klarer å konsentrera oss. Det er også viktig at vi tar hensyn viss det er nokon elevar som ikkje forstår det vi lærer om. Då kan vi forklare det til dei. 


I klassen har me hatt ein undersøkning på korleis dei fleste i klassen ynskjer å ha det. Det som er mest sagt er arbeidsro, samarbeid, alle er snille, at det er lov å sei feil, og at alle er hjelpsomme. Eg syntes at det der viktig at alle i klasse er med å bidrar, slik av vi får det slik. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar