Ungdom og kropp
Hjå ungdom i dag, har kropp og
utsjåande ei stor betydning. Dei fleste ungdommar er veldig opptekne av korleis
dei ser ut, og mange opplev nok eit stort press her. Massemedia visar svært
ofte flotte menneske som mange måler seg opp mot. Eg syntes det er feil av massemedia
å ha fokus på menneske som skal framstå som «perfekte». Det blir laga ein fasit
på korleis ein skal sjå ut. At det som er fint er tynn mage, kvite beine
tennar, rett nase, skinnande auge, og å være godt trent. Dette kan føre til at
ungdom blir usikre på seg sjølv, får dårleg sjølvtillit og sjølvbilde når dei
måler seg opp mot desse tilsynelatande perfekte menneska. Difor vil mange prøve
å endre på dei sidene ved seg sjølv dei ikkje er nøgd med.
I dag har kirurgane komme
svært langt. Alle har nå moglegheit til å endre på det dei er missnøgde på. Blant
anna større pupper, rettare nase, eller større leppar.( Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10)
Det finns både positive og negative sider med at det går an å ta slike operasjonar.
Det som er positivt med at
legevitskapen har kome så langt innafor kosmetiske opperasjonar er at dei som
er født med missdannelsar,
eller har våre utsatt for ei ulykka, har moglegheit til å rette opp skadar på
utsjåande.
Det eg syntes er negativt, er
at mange alminnelege menneskar brukar mykje pengar på slike kosmetiske
operasjoner fordi dei vil bli flottare. Slike operasjonar vil kunne føre til
større press. Mange kan føle at dei også må ta ein slik operasjon for å bli
akseptert.
Somme ungdommar er også ofte
missnøgde med sin eigen kropp. Dei brukar all energi og tid på å endre dette. Jenter vil slanke
seg å vere tynne, og gutar har eit mål om å byggje opp store musklar. Dersom
ein har for stor merksam for kropp kan dette føre til eteforstyrringar. Dette
gjeld særleg for jenter som vil vera slanke. Trening der ein har som mål å
bygge musklar, kan føre til doping. Dette gjeld særleg hjå gutar. (Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10)
Kjeldehenvisning:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar