fredag 6. november 2015

ALKOHOL


Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet i Europa. I denne teksten skal du få lesa om kva alkohol er, aldersgrensa, alkoholbruk blant ungdom, kva konsekvensane av å drikke det er, promille, og faren med å drikka når du er gravid.

Det finnes mange drikkar som inneheld alkohol. Det som er felles for dei, er at dei inneheld eit stoff som heitar etanol. Vi skil mellom øl, vin, og brennevin. I Norges lovar står det at du må vere 18 år for å kjøpa øl og vin, og 20 år for å få kjøpt brennevin. Det er heller ikkje lov til å kjøpa alkohol til mindreårige. Dette kallar ein å «lange». Sjølv om det er aldersgrensa, så er det fortsatt mange ungdommar som bryt denne. Grunnen for det, er at mange blir påverka og føler eit stort press frå venar. 
Gjennomsnittsalderen for å drikke alkohol for første gang i Noreg er rundt 15 år, altså tre år før det er lovleg.

Alkohollova seier at føre målet med lova er «å begrensa i størst mogleg utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk innebere. Som ledd i dette sikter lova på å begrensa forbruket av alkoholdige drikkevarer» (Ekeland, 74).
Grunnen for at det finnes aldersgrensa for alkohol, er fordi det kan føre til helseskadar. Som blant anna skadar på levera, hjernen, og nervesystemet. Dei skadane alkoholen gir, er såpass alvorlege, at ein bør vera gammal nok til å vita konsekvensane og ta rett avgjerd.  (ung.no)

Kor mykje alkohol du har fått i blodet blir målt i promille. Promille betyr 1000 del. Viss politiet skal finne ut om du har drikket eller ei, så tar dei ein promillekontroll. (Ekeland, 74).

Faren med å drikke når du er gravid, er at då får fosteret i seg same promille som mora. Dersom fosteret får i seg alkohol, kan hjernen få alvorlege skadar. Dei skadane inneberer forseinka i utviklinga, lærevanskar, og konsentrasjonsvanskar. Helsestyremaktene råder difor om å ikkje drikka alkohol under svangerskap. (Ekeland, 73).







Kjeldehenvisning:

Ekeland, Per Roar m f.l Tellus 9


Bilde: 






torsdag 5. november 2015

Ungdom og kropp

Hjå ungdom i dag, har kropp og utsjåande ei stor betydning. Dei fleste ungdommar er veldig opptekne av korleis dei ser ut, og mange opplev nok eit stort press her. Massemedia visar svært ofte flotte menneske som mange måler seg opp mot. Eg syntes det er feil av massemedia å ha fokus på menneske som skal framstå som «perfekte». Det blir laga ein fasit på korleis ein skal sjå ut. At det som er fint er tynn mage, kvite beine tennar, rett nase, skinnande auge, og å være godt trent. Dette kan føre til at ungdom blir usikre på seg sjølv, får dårleg sjølvtillit og sjølvbilde når dei måler seg opp mot desse tilsynelatande perfekte menneska. Difor vil mange prøve å endre på dei sidene ved seg sjølv dei ikkje er nøgd med.

I dag har kirurgane komme svært langt. Alle har nå moglegheit til å endre på det dei er missnøgde på. Blant anna større pupper, rettare nase, eller større leppar.( Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10) Det finns både positive og negative sider med at det går an å ta slike operasjonar.
Det som er positivt med at legevitskapen har kome så langt innafor kosmetiske opperasjonar er at dei som er født med missdannelsar, eller  har våre utsatt for ei ulykka,  har moglegheit til å rette opp skadar på utsjåande.

Det eg syntes er negativt, er at mange alminnelege menneskar brukar mykje pengar på slike kosmetiske operasjoner fordi dei vil bli flottare. Slike operasjonar vil kunne føre til større press. Mange kan føle at dei også må ta ein slik operasjon for å bli akseptert.

Somme ungdommar er også ofte missnøgde med sin eigen kropp. Dei brukar all  energi og tid på å endre dette. Jenter vil slanke seg å vere tynne, og gutar har eit mål om å byggje opp store musklar. Dersom ein har for stor merksam for kropp kan dette føre til eteforstyrringar. Dette gjeld særleg for jenter som vil vera slanke. Trening der ein har som mål å bygge musklar, kan føre til doping. Dette gjeld særleg hjå gutar. (Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10)



Kjeldehenvisning: