fredag 6. november 2015

ALKOHOL


Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet i Europa. I denne teksten skal du få lesa om kva alkohol er, aldersgrensa, alkoholbruk blant ungdom, kva konsekvensane av å drikke det er, promille, og faren med å drikka når du er gravid.

Det finnes mange drikkar som inneheld alkohol. Det som er felles for dei, er at dei inneheld eit stoff som heitar etanol. Vi skil mellom øl, vin, og brennevin. I Norges lovar står det at du må vere 18 år for å kjøpa øl og vin, og 20 år for å få kjøpt brennevin. Det er heller ikkje lov til å kjøpa alkohol til mindreårige. Dette kallar ein å «lange». Sjølv om det er aldersgrensa, så er det fortsatt mange ungdommar som bryt denne. Grunnen for det, er at mange blir påverka og føler eit stort press frå venar. 
Gjennomsnittsalderen for å drikke alkohol for første gang i Noreg er rundt 15 år, altså tre år før det er lovleg.

Alkohollova seier at føre målet med lova er «å begrensa i størst mogleg utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk innebere. Som ledd i dette sikter lova på å begrensa forbruket av alkoholdige drikkevarer» (Ekeland, 74).
Grunnen for at det finnes aldersgrensa for alkohol, er fordi det kan føre til helseskadar. Som blant anna skadar på levera, hjernen, og nervesystemet. Dei skadane alkoholen gir, er såpass alvorlege, at ein bør vera gammal nok til å vita konsekvensane og ta rett avgjerd.  (ung.no)

Kor mykje alkohol du har fått i blodet blir målt i promille. Promille betyr 1000 del. Viss politiet skal finne ut om du har drikket eller ei, så tar dei ein promillekontroll. (Ekeland, 74).

Faren med å drikke når du er gravid, er at då får fosteret i seg same promille som mora. Dersom fosteret får i seg alkohol, kan hjernen få alvorlege skadar. Dei skadane inneberer forseinka i utviklinga, lærevanskar, og konsentrasjonsvanskar. Helsestyremaktene råder difor om å ikkje drikka alkohol under svangerskap. (Ekeland, 73).







Kjeldehenvisning:

Ekeland, Per Roar m f.l Tellus 9


Bilde: 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar