fredag 6. november 2015

ALKOHOL


Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet i Europa. I denne teksten skal du få lesa om kva alkohol er, aldersgrensa, alkoholbruk blant ungdom, kva konsekvensane av å drikke det er, promille, og faren med å drikka når du er gravid.

Det finnes mange drikkar som inneheld alkohol. Det som er felles for dei, er at dei inneheld eit stoff som heitar etanol. Vi skil mellom øl, vin, og brennevin. I Norges lovar står det at du må vere 18 år for å kjøpa øl og vin, og 20 år for å få kjøpt brennevin. Det er heller ikkje lov til å kjøpa alkohol til mindreårige. Dette kallar ein å «lange». Sjølv om det er aldersgrensa, så er det fortsatt mange ungdommar som bryt denne. Grunnen for det, er at mange blir påverka og føler eit stort press frå venar. 
Gjennomsnittsalderen for å drikke alkohol for første gang i Noreg er rundt 15 år, altså tre år før det er lovleg.

Alkohollova seier at føre målet med lova er «å begrensa i størst mogleg utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk innebere. Som ledd i dette sikter lova på å begrensa forbruket av alkoholdige drikkevarer» (Ekeland, 74).
Grunnen for at det finnes aldersgrensa for alkohol, er fordi det kan føre til helseskadar. Som blant anna skadar på levera, hjernen, og nervesystemet. Dei skadane alkoholen gir, er såpass alvorlege, at ein bør vera gammal nok til å vita konsekvensane og ta rett avgjerd.  (ung.no)

Kor mykje alkohol du har fått i blodet blir målt i promille. Promille betyr 1000 del. Viss politiet skal finne ut om du har drikket eller ei, så tar dei ein promillekontroll. (Ekeland, 74).

Faren med å drikke når du er gravid, er at då får fosteret i seg same promille som mora. Dersom fosteret får i seg alkohol, kan hjernen få alvorlege skadar. Dei skadane inneberer forseinka i utviklinga, lærevanskar, og konsentrasjonsvanskar. Helsestyremaktene råder difor om å ikkje drikka alkohol under svangerskap. (Ekeland, 73).







Kjeldehenvisning:

Ekeland, Per Roar m f.l Tellus 9


Bilde: 






torsdag 5. november 2015

Ungdom og kropp

Hjå ungdom i dag, har kropp og utsjåande ei stor betydning. Dei fleste ungdommar er veldig opptekne av korleis dei ser ut, og mange opplev nok eit stort press her. Massemedia visar svært ofte flotte menneske som mange måler seg opp mot. Eg syntes det er feil av massemedia å ha fokus på menneske som skal framstå som «perfekte». Det blir laga ein fasit på korleis ein skal sjå ut. At det som er fint er tynn mage, kvite beine tennar, rett nase, skinnande auge, og å være godt trent. Dette kan føre til at ungdom blir usikre på seg sjølv, får dårleg sjølvtillit og sjølvbilde når dei måler seg opp mot desse tilsynelatande perfekte menneska. Difor vil mange prøve å endre på dei sidene ved seg sjølv dei ikkje er nøgd med.

I dag har kirurgane komme svært langt. Alle har nå moglegheit til å endre på det dei er missnøgde på. Blant anna større pupper, rettare nase, eller større leppar.( Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10) Det finns både positive og negative sider med at det går an å ta slike operasjonar.
Det som er positivt med at legevitskapen har kome så langt innafor kosmetiske opperasjonar er at dei som er født med missdannelsar, eller  har våre utsatt for ei ulykka,  har moglegheit til å rette opp skadar på utsjåande.

Det eg syntes er negativt, er at mange alminnelege menneskar brukar mykje pengar på slike kosmetiske operasjoner fordi dei vil bli flottare. Slike operasjonar vil kunne føre til større press. Mange kan føle at dei også må ta ein slik operasjon for å bli akseptert.

Somme ungdommar er også ofte missnøgde med sin eigen kropp. Dei brukar all  energi og tid på å endre dette. Jenter vil slanke seg å vere tynne, og gutar har eit mål om å byggje opp store musklar. Dersom ein har for stor merksam for kropp kan dette føre til eteforstyrringar. Dette gjeld særleg for jenter som vil vera slanke. Trening der ein har som mål å bygge musklar, kan føre til doping. Dette gjeld særleg hjå gutar. (Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10)



Kjeldehenvisning:


torsdag 29. oktober 2015

Klassemiljø


Det er viktig med eit godt miljø i den klasse du går i. At du lærer godt, og føler deg trygg i klassen er avhengigt av korleis klassemiljøet er. Viss du føler deg trygg i klasserommet, kan det bidra til at du tårer å rette opp handa viss du lurer på noko, og ha framføringar utan å vere redd.


Alle elvar ynskjer eit godt klassemiljø. Eg syntes at det er viktig at vi har respekt for dei som har framføring. At ingen lær imens framføringa føregår. Grunnen for det er at viss nokon lær, blir den personen som har framføring usikker på seg sjølv, og det kan ende opp med at den ikkje tårer å ha framføring meir. Eg syntes også at det er viktig med arbeidsro. Slik at vi klarer å konsentrera oss. Det er også viktig at vi tar hensyn viss det er nokon elevar som ikkje forstår det vi lærer om. Då kan vi forklare det til dei. 


I klassen har me hatt ein undersøkning på korleis dei fleste i klassen ynskjer å ha det. Det som er mest sagt er arbeidsro, samarbeid, alle er snille, at det er lov å sei feil, og at alle er hjelpsomme. Eg syntes at det der viktig at alle i klasse er med å bidrar, slik av vi får det slik. 

tirsdag 27. oktober 2015

Ungdomskultur 

I dette innlegget skal du får lære om kva ungdomskultur er, når den blei oppretta, kva som gjorde den blei oppretta og korleis ungdomskulturen er i dag.

Ungdomskultur er kultur skapt av og for unge menneske. Omgrepet ungdomskultur oppstod på 1950-tallet. På denne tida ble rocken populær, mange ungdommar begynte å frigjera seg frå foreldrene. Dei fikk både ein ny musikk smak, og ny kle stil. Ungdommane begynte å kle seg i dongeri bukser og skinnjakker. ( Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10)

Andre årsakar som ga grunnlag for ungdomskulturen var ungdommane begynte å få betre økonomi, og det betydde at dei begynte å kjøpe klede sjølv. Klesindustrien ble interesserte i å lage klede prega av ungdomsmoten. Dette var grunnlaget  for at ungdom kunne utvikle sin eigen kultur, mote, musikk og film retta direkte mot dei.( Pål Wiik, RLE boka på nett 8-10)


I dag ser vi på ungdomskultur, som noko som skil ungdom frå å være barn til voksen. Ungdommar vill fortsatt den dag i dag velja kva klede dei vill gå med, kva musikk dei vil høyra på, og kva fritidsaktivitetar dei vill drive med. 

kjelde henvisning: 

http://rle-nett.cappelendamm.no/

onsdag 21. oktober 2015

OPERASJON DAGSEVRK

Den 29. oktober er det OD dag! Det er ein dag som blir arrangert og utført av ungdom rundt i landet. Målet med OD dag, er å samle inn pengar til dei som treng det. Pengane går til ulike formål kvart år. Dette året skal vi tene inn pengar til Amnesty. Dei skal vidare hjelpe unge i Argentina, Chile og Peru med å gje dei ei grundig innføring i kva som er deira grunnleggjande seksuelle og reproduktive rettigheitar.

Eg syntes at det er eit godt formål vi skal bidra til. Kvart år blir ca. 30 millionar kroner samla inn. Eg håpar at det blir samla inn like mykje i år og!

I fjor på OD-dagen var eg på Aarbakke. Eg syntes det var kjekt å bruke ein dag på å samle inn pengar til dei som trengde det. I år skal eg være heima på OD-dagen. Då skal eg blant anna vaske, og lage middag. 


onsdag 14. oktober 2015

Menneskerettigheitene:



Menneskerettigheitar er rettigheitar som kvart menneske har uansett kjønn, religion, alder, hudfarge, eller anna status. menneskerettigheitane handlar om retten til liv og sikkerheit, friheit frå tortur, rett til privatliv, vern mot diskriminering, tanke, og relgionsfriheit, ytringsfriheit, rett til arbeid, helse og velferd. 

Menneskerettigheitane er viktige for at alle menneske skal leve eit godt liv. Eg syntes at alle rettighetane er naudsynte, men det finns rettigheitar som er meir naudsynte enn andre. Nokon rettigheitar kan bety meir for folk på andre sidan av jorda enn for oss i Noreg. Då tenkjar eg spesielt på rettigheitane til nok mat og drikke. Dette behovet tar vi som ein sjølvfølgje at me får dekka i Noreg, medan det i andre land er ein dagleg kamp for å få dekka det behovet. Men det finnes rettigheitar som er viktig verden over, og det er ytringsfriheit, . Ytringsfriheit er den friheiten alle menneskar har til å gi uttrykk får det de meiner, og ønskjer å seia noko om, utan å bli straffa for det. Det finns mange folk i verda som blir straffa for det dei, meiner og seier.